Sist helg gjekk den 38. utgåva av Stordalscup av stabelen og då som vanleg med masse folk, stor aktivitet og god stemning. I tillegg til fotballturneringa, der nærare 70 aldersbestemte lag deltok, er Stordalscup ein folkefest med masse ulike aktivitetar.

Annonse
Leserinnlegg/ytringer

Av Hallgeir Hove

På fredagskvelden var det Maria Holand Tøsse, som hadde hovudrolla i Stordalshallen, med m.a. innslag frå songseminaret, allsong med eige band og med Stordal sitt eige kor; Big Valley Voices.

Laurdag og søndag var det naturlegvis fotballturnering og med rundt 70 lag påmeldt, vart det ganske så folksamt både  på og rundt banene. Eigen oppvisningskamp var det og, der damelaget – som for tida toppar 4. divisjon – møtte veterankarane.

Mykje folk på tribuna også under denne kampen, leia av FIFA-dommar Tom Henning Øvrebø. Også i Stordalshallen var det stappfullt med folk, heile laurdagen. Der var underhaldning frå scena, mange flotte utstillarar, kafe og ikkje minst stort loppemarked.

Av dei mange aktivitetane, nemner vi: Jungeldyra, hoppeslotta, gladiatorkamp, bumpers, SIMEK si 3v3-bane, skatepark, Stordal brannvesen og ansiktsmaling. I grillteltet var det også hektisk, der m.a. laks og kotelettar stod på menyen. Utover på laurdagen kom også cupveret og det vert meldt om god oppslutning og fin stemning også på cupdansen ved Nilsgardstunet.

På søndagen var det klart for endå meir fotball, der nye lag fekk gjere opp seg i mellom. Også i Stordalshallen var opplegget ganske så likt det som hadde vore på laurdagen, men no med nye born og unge som underheldt på scena. Heilt mot slutten av dagen, var det så tid for å trekkje ut dei heldige vinnarane av cuplotteriet.

Eit så stort arrangement – med rundt 6 000 besøkjande – er kun mulig å gjennomføre, om ein har med seg mange frivillige og også denne gongen var det rundt 250-300 av dei. Dette er ikkje minst imponerande, nå ein veit at det utgjer snart 30% av alle innbyggjarene i kommunen. Imponerande av lille Stordal dette her.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022